Glemt Passord?

BU- OG MILJØTENESTA

Tenesta er en del av Helse og Omsorg - leia av tenestleiar som ligg direkte under kommunalsjef. Under tenesteleiar er det ein fagkoordinator og ein assisterande leiar.

Avdelinga har ansvar for 4 bustader; Viktoriahagen, Fjærestad, Eplehagen, Eikely+ aktivitetssenter. I tillegg har tenesta amsvar for barn og unge som bor heime med tilsyn frå kommunen.

Kontor til leiar ligg på Balestrand Helsetun. I tillegg er det kontor på dei enkelte bustadene. Kontaktperson på dei ulike bustadene har ansvaret for den daglege drifta av bustaden.

All post skal til sentralt postmottak. Det blir enten henta direkte av tenesteleiar, eller henta av sekretær på Helsetunet og lagt i posthylle til tenesteleiar på Helsetunet.

I tillegg kjem dokument inn til tenesta via ESA, epost og Gerica - via eLink. E-link er eit samband mellom kommunen, Helse Førde, apotek og legekontor.

Post til bustadane: I utgangspunktet skal det berre vere personleg post til brukarane på bustadane, kvar brukar har sin personlege postboks. Viss det kjem post adressert til bustaden skal det sendas til postmottaket.

Det er i tillegg posthyller med post til tenesteleiar på bustadane som jevnleg blir tatt med til kontor til tenesteleiar. I tillegg er det fargekoda mapper på dei ulike bustadane som tas med til tenesteleiars kontor ved behov.

Vederlagsberekning og meldingar til NAV blir sendt frå Gerica via eLink.

Ein jobber frå 2017 med at papirbrev om brukar blir journalført samstundes med at det leggast i brukarmappa.

FAGSYSTEM

Gerica - pasientjournal

Sampro - utarbeiding av individuell plan og kommunikasjon med føresette/verje.

Sensitiv sone 

VISMA ressursstyring