Hjå oss har me ikkje laga nokon rutiner for dette. Det går, som Sigve seier, på tilgangsstyring. Men det er eit problem for leiarane i omsorg dette. Einaste måten me har funne er å gi tilgang på saksnivå etterkvart som ein leiar treng det. Men dette igjen skaper eit problem når personen det gjeld eller leiaren slutter i ein avdeling og fortsetter i ein annan. Me har ingen rutiner for å fange opp det slik at me får ta vekk tilgangen på personalmappa. Til nå er det ikkje mange slike tilgangar som er gitt.