Eg kan ikkje skjønne at forvaltningslova kan nyttast på den type bruk som eg skisserer. Forvaltningslova har eit saksbehandlingsperspektiv. Dette er forskning, og dermed meiner eg at svaret burde ligge i personopplysningslova eller evt. særlovgivning knytta til handtering av personsensitiv informasjon.
Ei god løysing er vel uansett å få brukaren til å underteikne ei fråsegn som definerer bruk og som seier noko om at vedkommande skal anonymisere personsensitiv informasjon ved evt. publisering.
Dersom vedkommande nektar å underteikne ei slik fråsegn er det all grunn til å la vere å utlevere arkivmaterialet.