Min kjepphest er at det i størst mogeleg grad skal informerast om kva slags informasjon som er knytta til internettversjonen av brevjournalen og (vel så viktig) kva som ikkje ligg der. Deretter må det foreligge ei grunngjeving (også på internett) om kva som ligg til grunn for dei valg som er gjort.
Eg synest det høyrest fornuftig ut å gjere som det vert sagt. Altså, la vere å legge ut fulltekstdokument av brev frå privatpersonar. MEN, VIKTIG, VIKTIG!!! Det MÅ presiserast (også på internett) at desse breva vil vere tilgjengeleg dersom ein tek kontakt med kommunen så sant dei ikkje er unnateke offentlegheit.