Eg tok opp problemstillinga i eit faggruppemøte i fjor. Alle kommunar repr. i gruppa var skeptiske til inngåande fulltekstdokument på nett. Alle kommunar, så nær som ein, Stranda kommune. Det var den einaste kommunen som hadde erfaring med dette, og dei var veldig positive og kom med same argument som Hallgeir nemner i ovenfornemde innlegg. Dei hadde også berre fått positive attendemeldingar frå innbyggarane i kommunen.