Som Sigve er inne på er kvalitetssikringsfunksjonen i Arkivplan.no relevant i denne samanhengen. Den er utforma nettopp med tanke på å fange opp den delen av arkivarens oppgåver som er usynleg men kanhende den viktigaste etterkvart, nemleg kvalitetsikringa og produksjonen som ikkje er lett dokumenterbar. Alle veit at det som er usynleg lett blir salderingspost. I overgangen til fullelektronisk saksbehandling og arkivering vil dette kunne få svært uheldige konsekvensar. Eg vil imidlertid gjere oppmerksom på at kvalitetssikringsfunksjonen i arkivplan.no på langt nær er ferdigutvikla og at det difor er viktig at kommunane gir attendemelding til IKA på kva område den kan forbedrast til kanskje å fange opp endå fleire av dei områda som Trude peiker på i sitt innleiiande innlegg.