Standard objektvisning. Klikk for å lage en ny tilpasset mal, Node-ID: 58116, Objekt-ID: 76099

Ansatte i sentralarkiv kan opne personsensitiv post

Ansatte i sentralarkiv kan opne personsensitiv post

Det er heilt riktig at tilsette ved sentralarkiv kan opne personsensitiv post. Personopplysningslova krev at kommunen sjølv vurderer kva som tener sikkerheten best, og dersom den sikraste behandlinga skjer ved at sentralarkivet opnar all post så er det i utgangspunktet greit. Så må det sjølvsagt vere rutinar knytta til sentralarkivet som gjer at færrast mogeleg behandlar denne type korrespondanse.

For å illustrere: Det spelar ingen rolle om postopnar sit på forværelse til sosialleiar, eller på eit kontor knytta til sentralarkivet.

Både barnevernssaker og saker etter sosialtenestelova er uproblmetiske i så tilfelle, sidan teieplikta er heimla i forvaltningslova. Det kan imidlertid vere enkelte særlover som legg særskilte føringar på tilgang og dette må arkivet avklare i samråd med faginstans.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.