Styrande dokument

 

Administrativt delegeringsreglement 

I vedteke reglement for folkevalde organ og delegering har fylkestinget delegert mynde til folkevalde organ og til fylkesrdirektøren.

I matrise for administrativ delegering, er fylkesdirektøren sitt mynde delegert vidare. All delegert mynde skal nyttast i samsvar med reglar om saksbehandling som følgjer av lover, forskrifter og god forvaltningsskikk, og må liggja innan plan- og budsjettrammer som er vedtekne av fylkestinget eller anna overordna fylkeskommunalt organ.

Ei viktig avgrensing av fylkesdirektøren sitt mynde, er at han berre kan treffe vedtak i saker som ikkje har prinsipiell betydning, jf. kommunelova § 13-1 sjette ledd. Denne avgrensinga gjeld sjølvsagt òg for mynde som er delegert vidare frå fylkesrdirektøren. Saker med prinsipiell betyding skal behandlast av folkevalde organ.

Krava til forsvarleg saksbehandling og dokumentasjon av saksbehandlinga er ikkje endra sjølv om mynde til å ta avgjerd er delegert til eit lågare nivå i administrasjonen.

Fast avløysar for fylkesdirektøren er fylkesdirektør for organisasjon og økonomi. Når rolla som fast avløysar trer i funksjon, har denne all mynde som ligg til fylkesdirektøren.

Den som har delegert mynde kan ta tilbake mynde i einskilde saker eller permanent. Ved sjukdom, fråvær og anna som gjer at den som har mynde ikkje kan utøve dette, har næraste overordna mynde.

 

Melding om feil eller trong for endringar i matrise for administrativ delegering, vert meldt til politisk sekretariat. 

Styrande dokument er lover og forskrifter for offentleg forvaltning og lokalt regelverk. 

Lokalt regelverk  som Politisk delegasjonsreglement og adminastrivt reglement danna grunnlaget for sakshandsaming.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.