|
Avdeling for mobilitet og kollektivtransport skal syte for at kollektivtilbodet i Vestland vert drifta på ei effektiv og god måte, slik at innbyggjarane får dekt sine reiseønskjer så godt som råd er. I byområda er kollektivtrafikken viktig som alternativ til bil. Det vil i åra som kjem skje stor utvikling på samferdselsområdet, med vekt på elektrifisering, automatisering, nye tenester og nye aktørar. Nedanfor finn ein dokumentasjonskrav som gjeld for avdeling for mobilitet og kollektivtransport. Arbeidet på avdelinga omfattar funksjonar som er omtala i: § 7-33.Tekniske tjenester, brannvesen og samferdsel I riksarkivarens forskrift Dei einskilde dokumenta omtalar:
- Kva administrativ ansvar med undernivå dokumentasjonen høyrer til
- Kva oppgåva er
- Kva system ein nyttar for å produsere dokumentasjonen
- Kva arkivdel
- Kva rutine som gjeld
- Om dokumentasjonen skal bevarast
|