Krav om innsyn

Sakshandsamar skal handtere innsynskravet, gjerne i dialog med arkivtenesta.

Kravet om innsyn skal handsamast utan "ugrunna opphald". Det vil si at det skal handsamast med eing gang, seinast innan 3 virkedagar etter at kravet er motteken. Har innsendar ikkje fått svar på 3 dagar vert det rekna som eit avslag etter Offentleglova §32 andre legg. Dette avslaget kan klagast på. Om du ser fristen ikkje kan nås kan du gje eit mellombels svar. Dette svaret skal journalførast.

Avslag på krav om innsyn

Alle avslag på krav om innsyn skal vere skriftlege og må vere lagra i arkivet. Avslaget skal innehalde:

  • lovheimel for avslaget. Dersom offentleglova §13 er grunn til avslaget skal det også visast til lovheimelen som gir teieplikt.
  • orientering om at meiroffentlegheit er vurdert
  • opplysning om moglegheit for klage og teieplikt
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.