Interessant diskusjon.
Hovudpoenget må her vere internettpubliseringa, ikkje postlista som sådan. Eg tilrår kommunane å operere med to offentlege postlister. Ein "light-versjon" og ein ordinær offentleg postjournal på papir evt. publisert "on demand". Grunngjevinga for dette er at ein glipp på internettjournalen får så uendeleg mykje større konsekvensar enn ein glipp i papirjournalen. Betingalsene vert då:
1. At det går klart fram kva korrespondanse som vert fanga opp av internettjournalen.
2. At det vert informert om kva korrespondanse den IKKJE femner om.
3. At det vert informert om korleis ein får tilgang til offentlege journalar for denne øvrige korrespondansen.
4. Det bør også etter mitt syn ein eller annan stad stå oppført ei grunngjeving for dei valg ein har gjort.