Interkommunalt Arkiv i Rogaland IKS (IKA) tek seg av bevaringspåbodet for kommunale arkivplanar som fleirtalet av kommunar i Rogaland har skapt i Arkivplan.no.
Arkivforskrifta § 3-20 lister opp arkivmateriale som alltid skal bevarast. Ein av desse arkivmaterialtypane er arkivplanar (pkt. g). Arkivplanar skal med andre ord bevarast. For å få til bevaring av arkivplanar har Arkivplan.no innebygd funksjonar for XML- og PDF-eksport av arkivplanar. XML og PDF er godkjende arkivformat for langtidsoppbevaring av digitale dokument. I Arkivplan.no lar det seg altså gjer å produsera to ulike typar kopier av digitale arkivplanar som så kan oppbevarast i eit elektronisk arkivdepot. I Rogaland blir arkivdepotfunksjonen for 23 av fylket sine 26 kommunarivareteke av IKA. IKA har og eit elektronisk arkivdepot kor me t.d. har teke imot avlevering av fleire eldre og avslutta sak/arkivsystem og nokre fagsystem.
IKA har kjørt XML- og PDF-eksportar av arkivplanane til alle kommunane i Rogaland som har lisens på bruk av Arkivplan.no. Dei eksporterte XML- og PDF-filene ligg i IKA sitt elektroniske arkivdepot. IKA kjem til å kjøra slike eksportar ein gong i året slik at me får eit godt vern av arkivplanar frå kommunal sektor i Rogaland.
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.