I flg. gjeldande regelverk er det framleis krav om at offentleg forvaltning skal ha kopibok. Einaste unnataket er dersom ein får dispensasjon frå Riksarkivet. Jfr. Arkivhandboka s. 156. Legg her merke til at ein må ha disp. sjølv om ein har elektronisk arkiv. Eg reknar med at dei fleste er samde med meg i at det er ulogisk at ein kommune har mynde til å definere f.ex personalarkivet som elektronisk (jfr. Noark-4), medan det må søkast dispensasjon frå Riksarkivet for kopiboka. Eg kunne godt tenke meg synspunkt på dette, samt evt dokumentasjon som viser til at det finst unntak for elektroniske arkiv.